Detaljregulering Volsdalsneset Sør

Nordplan har utarbeidd ein detaljregulering for eit område på Volsdalsneset, parallelt med utarbeiding av ein større områdeplan her.

 Innanfor detaljplanområdet leggast til rette for 6 bustadblokkar omkring eit indre felles uterom. Det vil bli inntil 150 bueiningar av varierande storleik, med parkering hovudsakleg under terreng. Her skal vere leikeareal og badeplass ved kyststien i sør. Det er lagt vekt på gode prinsipp for universell utforming og tilgjenge til kyststien og strandsona. Kyststien er tenkt vidareført både vest- og austover. Friområdet nord-aust for bustadområdet skal vere eit fleirbruksområde, og det er lagt vekt på å utnytte eksisterande kuperte skogslandskap til varierte aktivitetar. Her er planlagd tursti/trimløype og kombinerte leike- og trimapparat der alt kan nyttast av barn og vaksne. Opparbeiding av desse tiltaka vil vere av stor verdi til dei som bur og skal bu i området, samt for byens befolkning generelt.

Byggherre: Fri Sikt Volsdalsberga AS
Oppdrag: Detaljregulering
Fagområde: Reguleringsplan
Prosjektnr.: 13221
Stad: Ålesund
År: 2017

RELATERTE PROSJEKTER