Moglegheitsstudie for krinsane i Skodje kommune

Skodje ligg sentralt til i regionen, i eit vekstområde med aukande folketal. Utvikling av fleire bu-område er eit definert mål, samstundes som vern av jordbruk og kulturlandskap er viktig.

I arbeidet med moglegheitsstudiane har vi sett nærare på potensialet og utviklingsmoglegheiter for kvar krins, basert på stadeigne kvalitetar i krinsane. Vi har kome med forslag til utvikling av bustad-, næringsområde, og kor ein skal ta vare på naturgitte kvalitetar, jordbruksareal m.a. Vi har og vurdert ulike forbindelseslinjer mellom krinsane og Skodje sentrum. Det er lagt stor vekt på medverknadsprosessar med opne folkemøte, idéverkstad, samt medverknadsmøter på skulane og med ungdomsrådet i dette arbeidet.


Parallelt med moglegheitsstudiet har Nordplan og utarbeidd ei stadanalyse av Skodjebygda (sentrum), sjå stadsanalyse for Skodje sentrum.

Utviklingstrekk i bygda ValleStorskala landskapBrukarmedverknad
Byggherre: Skodje kommune
Oppdrag: Moglegheitsstudium
Fagområde: Stadutvikling, analyser
Prosjektnr.: 16248
Stad: Skodje Kommune
Areal: Krinsane i Skodje
År: 2016-2017

RELATERTE PROSJEKTER