Konsekvensutgreiing (KU) og risiko og sårbarheitsvurdering (ROS) - Kinn kommune

Med utgangspunkt i retteleiar til Konsekvensutredning av kommuneplanens arealdel og kommunen sitt planframlegg vart det tilpassa og avtalt ein metode for arbeidet og eit standardskjema for gjennomgang. Metoden sikrar at nødvendige konsekvensutgreiingstema samt risiko og sårbarheitsforhold vert analysert og vurdert likt og at vurderingane er kalibrerte og etterprøvbare. Plankartet har vore under arbeid parallelt med analysen.

Leveransen omfattar rapportar for i alt 22 delområde, der Nordplan laga eitt dokument per delområde, som inneheld konkrete analysar av nye og endra arealformål i planframlegget. Nokre av føremåla er vidareført frå eldre planutgåver der tilfredsstillande vurderingar av KU og ROS ikkje førelå. For kvart nytt føremål er det laga ei tilråding og i dei fleste tilfelle er det identifisert avbøtande tiltak som må gjennomførast for at ønska utvikling på arealet kan finne stad. 

Byggherre: Kinn Kommune
Oppdrag: Analysere alle aktuelle arealendringar
Fagområde: Arealplanlegging/samfunnsplanlegging
Prosjektnr.: 22207
Stad: Kinn kommune
Areal: 812 kvadratkilometer
År: 2022-2023

RELATERTE PROSJEKTER