Parken i Åsendalen, Hareid

Parken som skal etablerast i sentrum av Hareid vil bli eit flott nytt grønt område og ein samlingsstad for heile bygda. Gangvegane gjennom området vil binda saman spennande aktivitetsareal og gode kvileareal, slik at alle aldra skal kjenna seg heime. Alle elementa er bygde på Hareid si lokalhistoria, og tilknytinga til havet.

Scene og paviljong utforma som ein musling har fullt PA-utstyr for lyd og lys, så her kan det vere skikkeleg fest! Tenk deg konsert på festplassen ein herleg sumardag, for ikkje å snakka om heile bygda samla her på 17. mai. 

Parken har unike aktivitetselement som inviterer til leik og trening. Sjå mellom anna vedlagt bilde av Lindorm sitt klatrehovud. Vassleikområdet har interaktive fonteinar med lys, og mange artige leikeelement som vasshjul og slusar som barn kan styre sjølve. Vatnet skal renne ut i eit regnbed fylt av fargerike staudar. 

Eit kunstnarisk lysdesign skapar trygge, opplyste areal, samtidig som lyset spelar på innhaldet i parken og gir ei annleis oppleving om du er her i dagslys eller kveldsmørke. Inne i paviljongen vil det etablerast offentlege toalett.

Byggherre: Hareid kommune
Oppdrag: Byggeplan og konkurransegrunnlag
Fagområde: Landskapsarkitektur, Arkitektur, Lysdesign, RIB, RIE, RIV
Prosjektnr.: 19073
Stad: Hareid
År: 2019

RELATERTE PROSJEKTER