Norsk senter for verna vassdrag, Gaularfjellet

Nordplan har laga Forprosjekt for "Norsk senter for verna vassdrag". Senteret vil vere eit presentasjons- og visingssenter for dei verna vassdraga i Norge. Det vil også ha vatn i eit internasjonalt perspektiv som tema, og ha eit stort tilfang av tema for rullerande og spanande utstillingar, ifølge planane. Saman med utviklinga av Nasjonal turistveg Gaularfjell vil senteret gjere dette området til ein reiselivsmessig kraftpakke. 

Gaularvassdraget er eit verna vassdrag og byr på alt frå ville stryk og fossar til rolege parti der vatnet flyt stille av stad. Frå Nystølen til Eldal er det bygd ein samanhengande ”fossesti” på nesten 25 kilometer. Brua som er bygd over Likholefossen, er for mange høgdepunktet og gir deg følelsen av å vere midt i det sprudlande fossesuget. Det nye senteret er tenkt plassert i tilknyting til Likholefossen. Anlegget er synleg frå vegen og ligg langs stien ned til fossefallet. Visningsenteret ligg løfta i terrenget og opnar seg i ulike retningar, slik at ein har god kontakt med landskapet og elementa utan å gripe inn i dei.

Aksonometrisk perspektiv av bygget utan tak sett frå sørvestIllustrasjon frå kafeen sett mot stien og terrassen mot vestLangs elva og ved fossestien er det foreslått å setje opp opne bøker i rustsfritt stål med tekst og bilder påmontert som printa folie.Illustrasjonen syner sørenden i bygget med terrasse under taket med utsikt til elvaPerspektiv utandørsillustrasjon frå kantinesalgsområde der ein ser framover mot austDei opne bøkene er ei forlenging av vitensenteret ut i landskapet.Fugleperspektiv av anleggetSituasjonsplan

Les meir om prosjektet for gangbru over Likholefossen her

Byggherre: Statens vegvesen/Gaular kommune
Oppdrag: Forprosjekt
Fagområde: Arkitektur
Prosjektnr.: 13127
Stad: Gaularfjellet
År: 2013-2014

RELATERTE PROSJEKTER