Haukedalen Kyrkje- Utomhusplan

Prosjektet ved Haukedalen starta med eit ønske om fleire parkeringsplassar og universell utforming av tilkomst og servicebygg. Det var utfordringar med parkering, eit eldre servicebygg frå 1980-talet, snøras frå kyrkjetaket og dårleg tilkomst til hovudinngang med ei bratt betongrampe.

Det vart utarbeida mange ulike forslag før ein kom fram til endeleg løysing. Kyrkja er listeført og kyrkjegarden er automatisk freda middelaldergravplass, så prosjektet måtte ha godkjenning både frå Bjørgvin bispedømeråd og Riksantikvaren.

Eksisterande servicebygg er rive og nytt bygg med HCWC og lager er plassert lenger vest, med tilkomst frå kyrkjegarden. Det er teke nytt hol i kyrkjegardsmuren og ny rampe frå parkeringsplass til kyrkjegard. Det er utvida parkeringsplass nord for kyrkjegardsmuren og elva har fått ny og forbetra elveforforblending og ny bru med rekkverk. Ved hovudinngangen til kyrkja er eksisterande trapp, rampe og overbygg erstatta med nytt. Rampe og trapp er murt i stein og kyrkjegardsplassen har fått fast grusdekke med kantstein i granitt.

Gamal kyrkjegardsportHovudinngangKyrkjegardsplassServicebyggSituasjonsplan
Byggherre: Førde kyrkjelege fellesråd/ Førde kommune
Oppdrag: Forprosjekt og detaljprosjektering. Ansvarleg søkar
Fagområde: Arkitektur og landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 10096
Stad: Førde
Areal: Landskap 2400 m2, nybygg 29 m2
År: 2016

RELATERTE PROSJEKTER