Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Reiselivsmuseum, det einaste museet for reiselivshistorie i Norden, vart opna for publikum våren 2016. Fjellet spelar ei aktiv rolle i bygget som rommer utstillingsareal, auditorium, magasin, kontor, kafé og resepsjon/salsdisk.

Hovudideen er å nytte fjellet i arkitekturen for å skape ein særeigen attraksjon kopla til opplevinga av norsk natur og reiseliv. Veggane mot terrenget er skore (diamantsaga) ut av bergknausen, og hovudbæreveggane er frittståande fjellskiver, synlege i publikums- og utstillingsareala.

Berggrunnen er granittisk gneis med eit vakkert fargespel. Materialvalg er tilpassa dei synlege fjelloverflatene med plasstøypte betongveggar, slipte betonggulv og heiltregulv av Douglas gran. Fasadane er betongelement, treveggar kledd med karbonisert kledning og store vindusflater med utsikt til fjord og fjell.

Artikkel i "Arkitektur N" nr. 3 2017

Artikkel i "mur+betong" nr. 4 2016

Presentasjon "Betongtavla"



Fasade/terrasse vest sett frå CooperhusetFasade sett frå austFrå kafeen med utsikt ut mot SognefjordenRom for permanent utstilling i ferdig bygg.Granitt som interiør i ferdig byggTeikningar i granittFjellskjæring skal bli til arkitektur. Sett ovanfrå.FjellveggFjellskjæring sett nedanfråGranittblokk vert interiørFjell dannar rom. Sett ovanfrå.
Byggherre: Statsbygg
Oppdrag: Forprosjekt, anbud /detaljprosjekt, byggefase.
Fagområde: Prosjekteringsleiing, byggeteknikk, landskapsarkitektur, byggeleiing, koordinering mot tekniske fag
Prosjektnr.: 09070
Stad: Balestrand
Areal: 1800 m2 BTA
År: 2015

RELATERTE PROSJEKTER