Volda kulturhus

Vi har hatt gleda av å utarbeide skisseprosjekt for nytt kulturhus i Volda. Hovudoppgåva i prosjektet har vore å behalde det gamle samfunnshuset og å bruke biblioteket som trekkplaster på dagtid. Det er planlagt for to nye kinoar, ein stor ny kultursal med teknisk areal. Prosjektet legg opp til ein raus festsal i gamledelen som gjev flott lokale for kommunestyret og lag og organisasjonar i kommunen. Ungdomsklubben vert ein integrert del av bygget. Målet er at området og bygget skal ha mykje aktivitet frå tidleg morgon til sein kveld.

Vi har laga eit kompakt, rasjonelt og gjennomførbart prosjekt som gjev stort spenn i romlege opplevingar, som samtidig tek vare på sjela i det gamle bygget.  Prosjektet tilfører på same tid tidlause kvalitetar til Volda si oppgraderte storstove.

3D-illustrasjon frå austIllustrasjon kulturhus og plass3D-Illustrasjon tilkomst3D-illustrasjon frå sør3D-illustrasjon frå vestEksisterande situasjon
Byggherre: Volda kommune
Oppdrag: Konseptfase, skisseprosjekt, brukarmedverknad
Fagområde: Arkitektur og konstruksjon
Prosjektnr.: 18016
Stad: Volda
Areal: ca 3600 m2 BTA
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER