Tomannsbustad Ekeberg

Bebuarane i denne tomannsbustaden på Ekeberg hadde behov for meir plass, og ønskte seg i tillegg eit kjøken-/stoveareal med høg, estetisk kvalitet. 

Tilbygget inneheld bad og soverom i kjellaren, stove i 1. etasje og mesanin med heimekontor i 2. etasje. I tillegg er eksisterande delar av bustaden totalt ombygd med ny planløysing og oppgradering av alle flater.

Strenge estetiske krav frå Oslo Kommune gjorde at fasadane i stor grad måtte tilpassast eksisterande arkitektur, som er prega av enkel byggeskikk frå etterkrigstida. Store vindauge både mot hage og i taket bidreg  saman med ekstra takhøgde likevel til at tilbygget har ein romfølelse en kanskje ikkje forventar i ein bustad av denne type og storleik.

I skisse- og søknadsfase var Nordplan engasjerte direkte av byggherre, medan vi i detalj- og byggefase hadde hovudentreprenør Vågå Bygg AS som oppdragsgjevar.

Tomannsbustad EkebergTomannsbustad EkebergTomannsbustad EkebergTomannsbustad EkebergTomannsbustad EkebergTomannsbustad EkebergTomannsbustad Ekeberg
Byggherre: Familie med to barn/Vågå Bygg AS
Oppdrag: Prosjektering og søknad, frå skisseprosjekt til ferdigstilling
Fagområde: ARK, RIB, SØK
Prosjektnr.: 17151
Stad: Ekeberg, Oslo
Areal: ca 250 m² BTA
År: 2017-2018

RELATERTE PROSJEKTER