Eikefjord Kyrkje- Utomhusplan

Målet for prosjektet ved Eikefjord kyrkje var betre tilhøve for universell tilkomst, nytt servicebygg med hc-toalett og behov for fleire parkeringsplassar. Nordplan har spesialrådgjeving på bygningsvern og utarbeida forslag i samråd med kyrkjeverje og representantar frå fellesrådet. Kyrkja er listeført og prosjektet måtte ha godkjenning både frå Bjørgvin bispedømeråd og Riksantikvaren.

For å få til universell gangtilkomst vart det planlagt ny gangveg frå parkeringsplass i vest, med ny port i eksiserande kyrkjegardsmur. Eit nytt lite servicebygg er plassert på utsida av den nye porten. Eksisterande parkeringsplass er utvida.

Ved hovudinngangen til kyrkja er eksisterande trapp i betong utvida og erstatta med ny trapp og rampe murt i stein. Takoverbygg ved hovudinngang er utvida i bredde og lengde, tilpassa nytt hovudrepos, men med same utforming som eksisterande. Endringa har hatt fokus på å få ein verdig båreutgang, med muligheit for å trille båre til ventande gravferdsbil. Sideinngang mot nord har også fått ny murt trapp. Det er gjort svært fint murarbeid, som harmonerer fint med eksisterande grunnmur på kyrkja.

SituasjonsplanMot fjordenNytt inngangsparti
Byggherre: Kinn kyrkjelege fellesråd
Oppdrag: Forprosjekt og detaljprosjektering. Ansvarleg søkar.
Fagområde: Arkitektur og landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 11050
Stad: Eikefjord, Flora kommune
Areal: landskap 1400 m2, nybygg 15 m2 BTA
År: 2016

RELATERTE PROSJEKTER