Einebustad i bratt terreng, Volda

Prosjektet består av konsept, forprosjekt og byggemelding for ein ny einebustad på ei svært bratt tomt i Volda. Huset er lagt oppå terrenget med minimalt med grunnarbeid. Det er planlagt slik at huset når tak i eit naturleg terrengnivå ut frå 2. etg. Ei skråstilt parkeringsløysing minimerer grunnarbeidet. Som del av huset er det lagt til rette for ei utleigeeining med to soverom og opphald, samt vindfang til hovdedelen på inngangsplanet. Det er elles tre opphaldsrom, tre soverom og to bad, samt vaskerom og bod i hovuddelen. 

Skisse fasade sør til venstre Skisse vest og nordHovudsnitt
Byggherre: Privat
Oppdrag: Konseptfase, forprosjekt
Fagområde: Arkitektur, konstruksjon
Prosjektnr.: 16171
Stad: Volda
Areal: ca. 225 m2 BTA
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER