Ungdomsspykiatrisk avd.

UPA er ein komplett døgninstitusjon for 8 ungdomar i psykisk ubalanse, der desse skal kunne bu, få behandling, skulegang, fritidsaktivitetar med meir. Prosjektet har vore presentert i arkitekturfagtidskrift nasjonalt og internasjonalt og fekk i 2009 Statens Byggeskikkskomités diplom "for sin poetiske innleving i, og utvikling av institusjonen, samt sine sterke og tidsmessige nytolkingar av tradisjonelle motiv, metodar og material."

Situasjonen er organisert slik at bygget ligg på den vakraste delen av tomta, og vert knytt nærast mogeleg til dei naturgjevne kvalitetane på tomteområdet. Ein stødig furukonstruksjon, utvendig kledd med ubehandla osp, rammar inn eit skjerma område, eit trekantforma tun/ atrium. Tunet har tusenårige røter i vår kultur som ramme om eit fellesskap der mennesket opp gjennom historia kunne stå imot kreftene i ein farefull natur.

Romma ligg i ein krans omkring tunet og opnar seg mot dette. Grupper av rom i anlegget er utforma slik at dei skal vere synlege og identitetsskapande delar av ein heilskap. På same måten som ein umiddelbart kjenner løe, våningshus, stabbur og andre bygg på det tradisjonelle tunet, er vårt prosjekt artikulert med visuell framheving av bustad, skule, stove, kontor osv. Opphaldsrom ligg lengst mot nord og vest, medan rom med delvis ekstern funksjon som skule, kontor og vestibyle ligg mot tilkomstsida.

Utsnitt sørFrå sørvestInngangenFrå sørNordSørDetalj nordaustDetalj frå interiørDetalj frå interiørAtrium mot vestFamilieterapi
Byggherre: Helse Førde
Fagområde: Arkitektur, byggeteknikk, landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 00037
Stad: Førde
Areal: 1200 m2 BTA
År: 2000

RELATERTE PROSJEKTER