Friområde, Amonda

Friområdet som vil liggje i tilknyting til eit nytt bustadområde i Måløy har innarbeidd og framheva viktige kulturminne frå 2. verdskrig. Det har vore eit tett samarbeid med Måløyraidsenteret og Fylkeskommunen for å integrere kulturminna som ein naturleg og spanande del av friområdet. Det er no etablert eit unikt leike- og opphaldsområde i eit særskilt verdifullt område for Måløy.

Ei av skyttargravene er sikra og botnen i grotta er jamna ut slik at han gjev trygg tilgjenge for alle. Turstien som er universelt utforma er lagt slik i terrenget at myrområda har fått liggje i fred, samstundes som den gjer tilgjenge til skytterhola, bålplass med sitteplassar og balanse/leikeapparata.

Bålplassen er etablert av 2 natursteinsmurar som saman med eksisterande knaus lagar ei hesteskoform. Slik vert sitjeplassane skjerma for vind frå ulike retningar. 

Materialval er teke med omsyn til naturlege material frå krigen sine dagar; grusa sti, steinsettingar og leikeapparat i tre er med på å styrke identitet og særpreg til området.

Leikeplass med Måløy i bakgrunnenPanorama bålplassFrå hulaGrillplassBalansestokkarPanorama leikeplassGrillplassLeikeplassen har godt utsyn over MåløyUniverselt utforma tilkomstDetalj frå hula
Byggherre: Vågsøy kommune
Oppdrag: Prosjektering, anbodsgrunnlag
Fagområde: Landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 17186
Stad: Måløy
Areal: 3 600 m2
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER