Proel-bygget

Elektrofirmaet Proel AS i Vågå hadde behov for eit nytt kontor- og butikkbygg, tilknytt eksisterande verkstad i Vågåmo. Dei hadde ynskje om eit moderne bygg, med ein farge- og materialbruk som var tilpassa deira logo og grafiske profil.

Bygget har fått ein enkel, grafisk form, der delar av bygget, kledd i grå fasadeplater, dannar ein sokkel for eit utkragande bygningsvolum i 2. etasje. Dette volumet er kledd med svart, royalimpregnert panel, og har fått eit usymmetrisk saltak utan utstikk.

Innvendige farger og materialar speglar utvendig uttrykk og Proel AS sin logo.

Proel-bygget - FasadeProel-bygget - Korridor Proel-bygget - 2. etasje - åpent ned i resepsjonenProel-bygget - Resepsjon og trappProel-bygget - 2.etasjeProel-bygget - MøteromProel-bygget - Møterom
Byggherre: Proel AS
Oppdrag: Konseptfase, forprosjekt, anbod /detaljprosjekt
Fagområde: Arkitektur, konstruksjon, RiBrann, prosjektleiing
Prosjektnr.: 11017
Stad: Vågå
Areal: 430 m² BTA
År: Ferdigstilt 2019

RELATERTE PROSJEKTER