Moglegheitsstudie Sanden, Naustdal kommune

Friluftsområdet Sanden, med badeplass og grøntområde, vart bygd av overskotsmasse frå Naustdalstunellen i 1995. Friluftsområde, inkludert båthamna, område kring bensinstasjonen og kommuneparken er eit viktig utviklingsområde for Naustdal. Moglegheitsstudiet for Sanden vart utført som grunnlagsdokument for politiske drøftingar og som retningslinje for ønska utvikling av området. Analysa er eit rettleiingsdokument for å sikre heilskap og dannar grunnlaget for prosjektering av tiltak som t.d. Slettemarksenteret Domus Kjartanina. 

I analysearbeidet er det henta innspel frå utførte barnetråkk-registreringar, kreativ verkstad, i tillegg til at det er kome inn innspel frå lag og einskildpersonar i Naustdal. På grunnlag av dette materialet er området delt inn i sju soner, der det til kvar av sonene er plassert og illustrert aktuelle tiltak. Konseptskissene i stadanalysen er eit resultat av mange innspel som har kome gjennom fleire ulike brukarmedverknader.

Illustrasjon kommuneparkenIllustrasjon NaustrekkeIllustrasjon SandenKjelde: GravdalgruppaOversiktsillustrasjon analyseområdeSituasjonplanIllustrasjon motell
Byggherre: Naustdal kommune
Oppdrag: Moglegheitsstudie og konseptskisser
Prosjektnr.: 11117
Stad: Sanden, Naustdal kommune
Areal: 60 daa
År: 2012

RELATERTE PROSJEKTER