Kjølsdalen kyrkje - utviding av gravplass

Kjølsdalen kyrkje vart bygd i 1940 og er den einaste kyrkja i fylket som blei vigsla under krigen. Kyrkja blei bygd fordi ein i 1928 måtte bygge eigen gravplass til innbyggarane i Kjølsdalen. Gravplassen i Davik på andre sida av fjorden, som dei sokna til då, hadde for dårleg kapasitet. Problemet den gong er like aktuelt i dag og var utgangspunktet for oppdraget ved Kjølsdalen gravplass: manglande kapasitet på gravplassar.

Landskapsplanen utvidar gravplassen med ein terrasse mellom eksisterande gravplass og rv 15. Terrassen aukar kapasiteten i området med 96 gravplassar og 12 urneplassar. Terrassen skal murast opp med naturstein i nedkant mot rv 15. Muren skal murast over to nivå for å legge til rette for areal til tilplantning av vegetasjonsskjerm framfor muren, og for å minske fallhøgda frå øverste nivå. Det skal settast opp gjerde som sikrar mot fall og trafikkstøy frå rv 15 langs heile eigedomen. Området er universelt utforma og legg ikkje beslag på verdifulle areal som jordbruk, leikeplassar eller områder som inneheld verna artar av vesentleg interesse. 

3D-illustrasjon - oversiktsbilde3D-illustrasjon - terrasse vist frå gangvegKjølsdalen kyrkje - Landskapsplan3D-illustrasjon - oversiktsbilde Kjølsdalen gravplass - landskapssnitt3D-illustrasjon mot aust3D-illustrasjon mot nord-aust
Byggherre: Eid kyrkjelege fellesråd
Oppdrag: Landskapsplan, gravplassar
Fagområde: Gravplass
Prosjektnr.: 16202
Stad: Kjølsdalen, Eid kommune
År: 2017

RELATERTE PROSJEKTER