Førde sentralsjukehus, detaljreguleringsplan

Sentralsjukehuset i Førde er det største av dei tre sjukehusa i Sogn og Fjordane. Frå 2001 overtok Staten styringa av sjukehusa frå fylkeskommunen. Vestlandet vart då ein eigen helseregion - Helse Vest RHF – der sjukehusa i Sogn og Fjordane er ei underavdeling - Helse Førde.  

Innanfor forslag til planavgrensing for detaljreguleringsplanen står eksisterande hovudbygg, psykiatribygg, ungdomsavdeling for psykisk helsevern (UPH), teknisk sentral, «Bygg aust» og luftambulansebygg. Resten av området består av park-, veg- og  parkeringsareal. Elles er store delar av planområdet nytta som jordbruksareal i dag.  

Det er behov for areal til bygging av mange nye og utvida sjukehusfunksjonar i åra framover, både på kort og på lang sikt, og utarbeiding av denne planen legg til rette for det samt å oppnå ei konsentrert utbygging med sjukehusfunksjonar innanfor planområde.



Detaljreguleringsplan Formålsgrenser 3D Illustrasjon, sjukehusområde sett frå vest 3D Illustrasjon, sjukehusområde sett frå nord 3D Illustrasjon, sjukehusområde sett frå sør
Byggherre: Helse Førde HF
Oppdrag: Detaljreguleringsplan
Fagområde: Plan og infrastruktur
Prosjektnr.: 16154
Stad: Førde
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER