Omsorgsbustader Hardbakke

Omsorgsbustadane på Hardbakke er planlagt like nord for Solundheimen i Solund kommune. Bustadane er organisert i to bygg sett vinkelrett på kvarandre, med ein stor felles uteterrasse mot sør. Bustadane er knytt saman med overdekte tak som inngangssone (svalgang), med privat terrasse eller balkong på motsett side.

Det er planlagt 7 sjølvstendige omsorgsbustader på omlag 55 m2 BRA og 2 mindre korttidsleilegheiter. I underetasje under bygg 2 ligg tekniske rom, boder til omsorgsbustadane, lager og garasje. Prosjektet omfattar ny tilkomstveg og parkeringsplass med uteområde. 

Prosjektet har tilnærma passivhus-standard. Det er lagt vekt på ei tiltalande og rein arkitektonisk utforming som harmonerer med bygningane ved Solundheimen, bl.a med pussa fasadeplater og innslag av trekledning. Det er lagt vekt på gode utvendige fellesareal og opparbeiding av hageareal som er lettstelt, men som har eit grønt mangfald som gir trivsel for bebuarane.

Situasjonsplan Illustrasjon retning nord-vestIllustrasjon retning sør-aust
Byggherre: Solund kommune
Oppdrag: Konseptfase, forprosjekt, hovudentreprise /detaljprosjekt
Fagområde: PGL, arkitektur, konstruksjon, landskapsarkitektur, brannkonsept
Prosjektnr.: 16246
Stad: Hardbakke, Solund kommune
Areal: 800 m2 BTA
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER