Gunnar S Galleriet, Høyanger

Byporten er eit orienteringspunkt i Høyanger sitt bybilete og er ei svært gunstig plassering for Galleri Gunnar S.

I prosjektet har det ikkje vore aktuelt å endre bygget utvendig, men mange små rom med mange vindauge og små veggflater gjorde det vanskeleg å nytte bygget til utstillingar. Konseptet går ut på å fjerne veggar som ikkje er bærande og å lage opningar og luft mellom etasjane.

Det er montert opaliserte kvite glasplater med folie med grafikk henta frå Gunnar S sin produksjon. Oppheng for utstillingsbilete er etablert innanfor desse glasplatene. På denne måten vil Gunnar S sitt fragment gløde i vindauga og innandørs vere i veggane uansett kva utstilling som er. Dagslyset fell inn på glasfelta gjennom vindauga og vil få grafikken til å spele opp i galleriet med vekslande verforhold og tider på døgnet. Mellom glasplatene og veggen er det regulerbart elektrisk lys som kan styre grafikkverknaden i utstillingsromma, avstemt til situasjonen.

Bygget var hovudsakleg i relativt bra stand, men soppangrep i kjellerveggar/kjellergolv og i delar av golvet i første etasje måtte handterast spesielt. Utvendig er bygget pussa opp og mala. Dette gjeld heile byporten med bygga på begge sider.

Sjå video frå opning av galleriet her

Bilete frå opningsfest i 2018Bilete frå opningsfest i 2018Bilete av fasade, Ytre Sogn avisBilete frå opningsfest i 2018Byporten er oppussa utvendigSkisser NordplanSkisser NordplanRenovert bygg
Byggherre: Høyanger kommune
Oppdrag: Konseptfase - detaljprosjekt
Fagområde: Arkitektur, konstruksjon, brannkonsept
Stad: Høyanger
Areal: om lag 400 m2 BTA
År: Ferdigstilt i 2018

RELATERTE PROSJEKTER