Trehytter Odda - Woodnest

Oppdraget frå arkitektkontoret Helen & Hard, var å konstruere ei hytte med golvflate på ca 15m2 omkring kun ein trestamme. Dette var svært komplisert då stammen i begge hyttene, har diameter under 30 cm ca. 1m over bakken, og ville knekke i vinden om vi heldt treet fast ved golvnivå ca 5-6 m over bakken.  Ei anna utfordring var å finne ei løysing slik at treet kunne halde fram med å vekse i minst 25 til 30 år til. Det var viktig at treet fekk halde fram med å bevege seg for å bli sterkare, og at transport av sevje ikkje vart hindra. Løysinga vart å nytte eit stålrør som går tvers gjennom hytta utanpå trestammen. Stålrøret har ein diameter på 50 cm (som tilsvarar ca 30 år forventa vokst av treet). Dette vart delt i to og skrudd saman utanpå stammen. Røret har 2 festepunkt til treet i nedre del, og er soleis ein «utkragar» vidare oppover. Dei avstivande bardunane, gangbrua og øvrig konstruksjon av hytta er då festa til stålrøret. Ein opererar med to typar bardunering; sommar- 2 bardunar og vinter – 5 bardunar.

Arkitekt: Helen & Hard, Dag Strass
Byggherre: Woodnest, Kjartan Aano
Prosjektkostnad: 5 mill. NOK

Byggherre: Woodnest, Odda, www.woodnest.no
Oppdrag: Konseptfase, forprosjekt, anbud /detaljprosjekt
Fagområde: RIB
Prosjektnr.: 18161
Stad: Odda – Ullensvang kommune
Areal: 2 x15 m2 BTA
År: Ferdigstilt september 2020

RELATERTE PROSJEKTER