Sagastad vitensenter

Sagastad vitensenter er eit presentasjonssenter for Myklebustfunna, sentralt plassert ved fjorden i Nordfjordeid sentrum.

Myklebustfunna er eit av dei største skipsfunna frå vikingtida i Noreg og omfattar ei større branngrav der det mellom anna er gjort unike funn av restane av Noregs største vikingskip. 

Planløysinga i bygget er basert på eittromsprinsippet, der det sirkulære rommet har same diameter som den sirkelforma grava frå vikingtida. Rommet gir den besøkande høve til å sjå skipet (ein nybygd replika) frå ulike hald, samstundes er dette eit generelt rom med gode soner for utstillingar så vel som områder for båtbygging, handverk, musikk, dans og sosialt samver.

BåtslippBetongarbeider under byggingInteriør - På bakkeplanTilkomstInteriør - På bakkeplan3D konstruksjonPlan

For å oppnå eit organisk uttrykk i kombinasjon med den universelle sirkelen er mønet asymmetrisk plassert og dei to takskivene har ulikt takfall. Av same grunn er skipet noko rotert og dynamisk plassert i høve bygget.

Fasadane er tenkt laga av glas med utanpåliggande spilevegg. Taket tekkast med trekledning, medan himlinga vert i blanke aluminiumsplater. Alt treet både ute og inne vil vere svartbeisa og gje assosiasjonar til den brente båten. I vestenden vert det ein port med slipp slik at båten kan sjøsettast ved høve.

Byggherre: Eid Industrihus KF
Oppdrag: Konseptfase, forprosjekt, anbud /detaljprosjekt
Fagområde: Arkitektur, konstruksjon, brann
Prosjektnr.: 13019
Stad: Nordfjordeid
Areal: 1000 m2 BTA
År: Ferdigstillast oktober 2018

RELATERTE PROSJEKTER