Idekonsept for parkeringshus Ålesund

Ålesund parkering AS har invitert to firma til parallell-oppdrag om utvikling av eit ide-konsept for parkeringshus på området vest for Meierikaia, eit område som sjåast i samanheng med planane for nye Ålesund sentrale sørside. Ålesund parkering ønskjer å få belyst etablering av ein ny sentrumsnær parkeringsløysing på «restarealet» mellom sørsideplanen si avgrensing i vest og areala på Meierikaia i aust. Det er ønskjeleg med eit nedsenka p-hus med plass til 400-600 bilar. Det vert vurdert eit mekanisk anlegg med heis, då dette kan vere svært arealeffektivt. I tillegg ønskjer ein å etablere ein offentleg park eller friområde i tilknyting til p-anlegget, slik at ein kan tilføre byen ein ny møtestad og aktivitetsområde. Området må knytast saman med Kiperviktorget og planlagt utbygging på sørsida. Anlegget vil og knyte seg på gang- og sykkelveg austover inn mot Voldsdalsvågen.

«Meieriparken», med eit lågmælte bygg i to etasjer som inneheld fasilitetar knytt til parkeringsløysing og supplert med lette paviljongar som kan innehalde bibliotek, kafè eller liknande. Parkområdet og paviljongbygga glir saman i eit felles organisk formspråk. Parkområdet sine haugar skapar livd for trafikkstøy på den eine sida og den kalde havvinden på den andre sida. I midten er det laga rom for leik og aktivitet. Ganglinjene i parken glir inn mellom paviljongane på terrengnivå, noko som gir lett tilkomst også til parkeringsløysinga. Den offentlege strandpromenaden frå sørsideplanen vert vidareført forbi Kiperviktorget og rundt parkområdet til eit nytt badeanlegg mot fjorden. I den lille vika mellom sørsida og «Meieriparken» er det etablert eit mindre småbåtanlegg for båtgjestar og folk som kjem sjøvegen med kajakk.

Nordplan AS: Illustrasjon av mulighetsstudie parkering og park i Ålesund sentrumNordplan AS: Illustrasjon av mulighetsstudie parkering og park i Ålesund sentrumNordplan AS: Illustrasjon av mulighetsstudie parkering og park i Ålesund sentrumNordplan AS: Illustrasjon av mulighetsstudie parkering og park i Ålesund sentrum
Byggherre: Ålesund Parkering AS
Oppdrag: Mulighetstudie
Fagområde: Arkitektur, landskap
Prosjektnr.: 22104
Stad: Ålesund sentrum
Areal: 21400 m2 BTA
År: 2022

RELATERTE PROSJEKTER