Kulatoppen Omsorgssenter - ny fløy
Eldreomsorg og vakker utsikt i moderne rammer
Eldreomsorg og vakker utsikt i moderne rammer
Nordplan har vore arkitekt og landskapsarkitekt for den nye fløyen på Kulatoppen Omsorgssenter frå skisseprosjekt og totalentreprisegrunnlag for byggherre og følgt prosjektet vidare i byggefasen for totalentreprenør HS-bygg. I tillegg har vi hatt ansvar for brannkonsept og utarbeida reguleringsplan for området. Nybygget er ei utviding av eksisterande omsorgssenter i Måløy, Kinn kommune. Det inneheld 24 bueiningar fordelt på 3 avdelingar, i tillegg til eit dagsenter og ein kontorfløy på bakkeplan.
I prosjekteringa av uteområdet er det lagt vekt på at det skal være lune soner inntil bygget, men at den fantastiske utsikten skal være lett tilgjengeleg langs gangvegen i utkanten av området. Uteområdet inneheld sanselege element med vatn, teksturar, fargar, lukter og smakar og er tilrettelagt for aktivitet med mellom anna pentanquebane, grillplass, drivhus og treningsapparat.
Prosjektet er ferdigstilt og blei overlevert til byggherre i november 2021.