Parkhjørnet

Parkhjørnet ligg sentralt på Haukeland Sjukehus og byggjast som eit frittståande bygg mellom Gamle Hovedbygg, Sentralblokken og Jonas Lies vei. Det vert ei høgteknologisk sterilforsyning med nybrotsarbeid innan automatisering av vaske- og sterilfunksjonar, med tilhøyrande fullautomatisk lager.

Arkitekturen er utvikla med ein ambisjon om å gje Parkhjørnet eit moderne, enkelt og nøytralt uttrykk, som underordnar seg karakteristiske nabobygg samtidig som det har ein eigenkarakter. Vi ynskjer vi å syne fram aktiviteten og flyten i bygget – robotiserte funksjonar og det komplekse systemet som skjuler seg i kulissane på eit sjukehus - til forbipasserande på dette travle hjørnet på Haukeland. Vi har difor velt ei fasade med tre ulike variantar av glas med ulik grad av transparens. Dette vil gje bygget eit skiftande uttrykk, og reflektere stadig endra lystilhøve både inne og ute – gjennom døgnet og årstidene.

Byggherre: Helse Bergen
Oppdrag: Frå konseptfase til som bygd
Fagområde: Arkitektur, Landskapsarkitektur, interiørarkitektur, bygningsfysikk, ansvarleg søkjar
Prosjektnr.: 18200
Stad: Haukeland sjukehus
Areal: 5100 m2 BTA
År: Planlagt ferdigstilt 2026

RELATERTE PROSJEKTER