Eikaasgalleriet, Jølster kommune

Nordplan har vore engasjert som landskapsarkitekt og lysdesigner i prosjektet for å finne eit hovudgrep på eigedomen kring Eikaasgalleriet. Tilkomst for buss og bil, samt naudsynte leveransar til galleriet skal ivaretakast. Ålhus båtlag planlegg hamn for fritidsbåtar med tilhøyrande naust langs vatnet.

Det har vore viktig å organisere gang- og køyresone, i denne planen er det nytta materialkontrast og lyssetting for å gjere det lettleseleg og oversiktleg.

Uteområdet er tenkt som eit mindre parkanlegg, og er skissert opparbeidd med frodige plenareal og store tre. Det er planlagt nokre mindre bed og planterekker som strammar opp og skjermar opphald- og gangsoner. E39 går forbi og er ei viktig invitasjonssone. Parkarealet skal møblerast med skulpturar og det er foreslått å lyssette invitasjonspunkt mot aust og vest. Samstundes vender utomhuset vegen ryggen og dyrkar den rolege sona langs vatnet til opphald. 

Vatnet har fleirfunksjonell bruk og fjella i kring tilbyr fleire dagsturar. Med eit flott opparbeidd areal og god parkering vil Eikaasgalleriet og Ålhus kunne oppleve auka aktivitet i tida framover.

Prosjektet vart omtalt i avisa Firda 5. juli 2018.

Eikaasgalleriet utomhusplanIllustrasjon utomhus retning austIllustrasjon utomhus frå E39 retning SkeiIllustrasjon utomhus vinter
Byggherre: Jølster Kommune
Oppdrag: Konseptfase
Fagområde: Landskapsarkitektur og lysdesign
Prosjektnr.: 17216
Stad: Jølster kommune
Areal: 10 000 m2
År: 2017-2018 (under planlegging)

RELATERTE PROSJEKTER