Nordås ReHabiliteringsklinikk

Nordplan har teikna eit nytt tilbygg til Nordås ReHabiliteringsklinikk i Bergen. Tilbygget skal innehalde sengeposten og oppførast i massivtre. I utforminga av tilbygget har vi vektlagt å tilpasse det til tomta og det eksisterande bygget. Vidare har kontakt med utsikten og dei grøne omgjevnadane rundt bygget vore viktig. Forsking viser at utsikt til natur og gode dagslysforhold både bidrar til at pasientar treng kortare liggetid etter operasjonar og mindre smertestillande, samtidig som tilsette har betre motstandskraft mot stress og opplever økt grad av trivsel og produktivitet. Vi har vektlagt dette i utforminga av tilbygget ved å venda dei viktigaste romma mot utsikten i vest og nordvest, opprette fleire siktlinjer internt i tilbygget og legge til rette for overlys der dette er naturleg.

Hovudaktiviteten ved Nordås er trening og rehabilitering. Det er derfor naturlig at planen legg til rette for ulike typar trening. I tillegg til å trene opp kroppen fysisk igjen skal pasientane og øve på kvardagslege ting og trene seg på situasjonar som vil oppstå når dei skal ta fatt på livet utanfor institusjonen igjen. Vi har derfor jobba med å la heile bygget bli en treningsarena kor både planløysinga, romma og tilgjengelege apparat i fellesareala oppfordrar pasientane til trening. 

Byggherre: Helse Bergen
Oppdrag: Konseptfase, forprosjekt, anbud /detaljprosjekt
Fagområde: Arkitektur, konstruksjon, landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 19130
Stad: Bergen
Areal: 5920 kvadratmeter BTA
År: 2019 -

RELATERTE PROSJEKTER