![Bøyabreen 1.png](/prod_images/doc_1703_2.png?width=1000)
Bøyabreen og Supphellebreen
Skisseprosjekt som tar for seg korleis ein kan tilrettelegge på ein trygg og universell måte for aukande turisme til Bøyabreen og Supphellebreen i Fjærland.
Skisseprosjekt som tar for seg korleis ein kan tilrettelegge på ein trygg og universell måte for aukande turisme til Bøyabreen og Supphellebreen i Fjærland.
Oppgåva var å formgje utsikts- og informasjonspunkt for begge stadane. Fokusområda var aukande turisme, persons- og erosjonssikkerheit. Prosjektet er gjennomført som team med ARK/LARK og innspel frå RIB.
Hovudtraseen i stinettet i begge områda er universelt utforma, men det er òg lagt opp til snarvegar via trapper for å gje sirkulasjon og variasjon i turtilbodet. Hjå Bøyabreen byggast eit amfi som gjev samlingsmoglegheiter. Hjå Suphellebreen føreslår vi å bygge ei arkitektonisk og robust bru over punktet der brevatnet samlar seg til ei elv. Denne gjev moglegheiter for eit trygt og spennande utsynspunkt mot breen.
Prosjektet resulterer i betre samordning og tilrettelegging for vitjande med fokus på universell utforming. Gjennomtenkt val av traséar og tilrettelegging av stiane, samt strategisk plassering av utsynspunkt og informasjonsskilt, er med å førebygge erosjon og styre bevegelsen over og rundt området. Dette samla skal gje intensiv for å opphalde seg langt unna faresonene kring breane.
Youtubefilm over prosjektet: /
RELATERTE PROSJEKTER
![Den nye fasaden i 1. etasje.jpg](/prod_images/doc_99_4.jpg?width=770)
Norsk Fjellsenter
![1_DSC4638-a-r, må ha med.jpg](/prod_images/doc_126_4.jpg?width=770)