Fugleskjærskaia, Flora hamn

Nordplan har vore engasjert som arkitekt og landskapsarkitekt for å formgje terminalbygget og trafikkavviklinga på Fugleskjærskaia. Prosessen med å samlast om eit trafikknutepunkt i Flora har vore tidkrevjande, å finne ei god trafikkavvikling har vore avgjerande. På Fugleskjærskaia er det fleire aktørar med arealkrevjande aktivitetar, bussar som lyt snu og eit mylder av mjuke trafikkantar. Fordi området er vêrhardt bør arealet i tillegg vere overdekka.

Den planlagde utomhusplanen tek vare på tryggleiken til mjuke trafikkantar utan å redusere bruken av kaia. Gangsonene mellom båt og buss er tydeleg markerte i materiale og utforming. Venteareala er overdekte utandørs.

Nordplan har vore med på forhandlingane med ulike aktørar og bidrege med samlande og gode løysingar i utomhusplanen.

Fotomontasje NordplanIllustrasjon Fugleskjærskaia eksteriørIllustrasjon Fugleskjærskaia interiørIllustrasjon utomhusIllustrasjon utomhusFotomontasje Nordplan
Byggherre: Flora Hamn
Oppdrag: Konseptfase, skisseprosjekt, totalentrepisegrunnlag
Fagområde: Arkitektur og landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 14079
Stad: Flora kommune
Areal: 9000 m2
År: 2014-2018 (under planlegging)

RELATERTE PROSJEKTER