Loen Skylift

I mai 2017 opna Loen Skylift - ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena inst i Nordfjord. Ei pendelbane løftar deg frå fjorden til 1011 moh. Bana er ei av dei 3 brattaste i verda, med stigning på 54 grader. 

Bygget på toppen ligg heilt ute på kanten av fjellet, og taket er ei spektakulær utsiktsplattform. Her kan du nyte utsikta over fjordlandskapet - frå taket, restaurantbordet eller ute på tur i fjellet. Restauranten har plass til 350 personar og drivast av erfarne og tradisjonsrike Hotel Alexandra.

Nordplan har hatt ansvar for konstruksjonsdesign samt veg-, brann- og byggeteknisk prosjektering.

Artikkel i "mur+betong" nr. 3 2017

Artikkel i "Stålbyggnad" nr. 3 2017

Presentasjon "Loen Skylift" - Nordplan AS

360-video av bana (Sunnmørsposten):




Gondol i vinterdraktUtsikt frå Fjellstasjonen. Foto: Sven Ove BøeFront toppstasjonInnvendig fra plattform fjellstasjonenInnvendig fra plattform fjellstasjonenUtvendig fjellstasjon Gangbru frå restauranttak til terrengRestauranten på kanten av fjelletUtsikt frå restaurantenStålsøyler under restaurantBygningsmasse ved fjordenInnvendig frå platform i fjordstasjonInnvendig frå platform i fjordstasjonFjordstasjon frå gangbruUtkragar mot sjøSpektakulær byggeplassStillasarbeidFundament mastKranselag på kantenKonstruksjon fjellstasjonFjellstasjonBetongkonstruksjonerKonstruksjonperspektiv fjordstasjonKonstruksjonperspektiv fjellstasjon Vinterbilde bygg restaurant

Hovenbana er ei pendelbane, der teknologien er basert på vektutligning med to store vogner, der den eine går opp medan den andre går ned. Det er plass til 47 passasjerar i kvar vogn. Stigninga frå fjorden og opp fjellet Hoven er for bratt for ei ordinær gondolbane.

Leverandør er sveitsisk-østerrikske Doppelmayr Garaventa, den største leverandøren i verda på taubaner.

Byggherre: Hoven Loen AS
Oppdrag: Konstruksjonsdesign. Veg-, brann- og byggeteknisk prosjektering.
Fagområde: Byggeteknikk, brannteknikk, vegplanlegging, landskapsarkitektur, BIM
Prosjektnr.: 14283
Stad: Loen
År: 2017

RELATERTE PROSJEKTER