Tusenårsplassen Hareid

Den tidlegare parkeringsplassen har no blitt til «Tusenårsplassen». Tusenårsplassen er eit bytorg/ein park med fleire funksjonar. Konseptet og utforminga av plassen har tatt utgangspunkt i folk sine rørslemønster gjennom området. Gangtrafikk frå båthamna, hurtigbåtkaia, parkeringsområder og sentrum kryssar Tusenårsplassen. I dekket finn ein markerte ganglinjer, og soner i ulike material, som saman skapar ei ramme for heile plassen. 

Området har eit dekke av granittheller, og er utstyrt med ein permanent juletrefot, som kan bere ei opp til 16m høg julegran. I dekket finn ein brønnar av granitt med skjulte elektriske tilkoplingar. Brønnane gir moglegheit for at «Food trucks» kan stillast opp på området, samt at ein kan gjennomføre arrangement som juletorg, konsertar og anna her. 

Området i aust inneheld leik, sykkelparkering og eit skjerma sitteområde. 

Ein skulpturell le-vegg gir skjerming frå Nordavinden, og delar området inn i to soner. Langs den eine sida av le-veggen kan ei gruppe sitte å nyte sola og utsikta. Langs vestsida av veggen kan ein sitte å ha kontakt med leikeområdet. Le-veggen har intrigert belysning som skapar stemning i området om kvelden.

Tusenårsplassen har fleire praktiske installasjonar som bil-lading og nedgravd avfallsbrønn. 

Plassen er også designa med tanke på framtidig vidareutvikling. Det er planar om ei trebrygge mot sjøen og eit nytt kafebygg nord på plassen, som vender seg ut mot området.

Byggherre: Hareid kommune
Oppdrag: Konseptfase, forprosjekt, anbod /detaljprosjekt
Fagområde: Landskap, Konstruksjon, Lysdesign, VA
Prosjektnr.: 20105
Stad: Hareid
Areal: 1800 m2 BTA
År: 2020-23

RELATERTE PROSJEKTER