Byksethytta

På ei fjordtomt på Bryggja har vi teikna ei heilt unik hytte for ein kvalitetsbevisst kunde. Hytta balanserar på toppen av ein knaus og kragar ut ifrå denne i ulike retningar. Slik får kvart rom nyte eit unikt utsnitt av den vakre og store Nordfjordnaturen. Vakraste utsikta har likevel stova og kjøkkenet, der du kan skode majestetiske Hornelen i sør-vest. Hytta er designa med mykje utsyn og lite innsyn, slik at ein kan nyte all slags vêr tett på, her får du heftige stormar frå Atlanteren og andelause solnedgangar frå fyrste rad. Når sola skin er det mange lune krokar i alle himmelretningar. Hytta har fire soverom, to bad, stove og kjøkken. Hytta er første ledd i ein vidare utvikling av området.

Frå kjøkkenbenken får du utsyn i to retningar
Byggherre: ATJ Holding
Oppdrag: Fritidsbustad
Fagområde: Arkitektur
Prosjektnr.: 20088
Stad: Bryggja
Areal: 145 m² BTA
År: 2021

RELATERTE PROSJEKTER