Innsikt | Utsikt

Vårt løysingsforslag er utvikla for å passe fint inn i alle landskap i Innlandet – frå skogen og flatbygdene til fjellbygdene og høgfjellet. Dagsturhytta Utsikt | Innsikt dreg linene langt attende i kulturarven og Innlandet si historie, både i form og materialbruk, og speglar lokale element i natur og kultur.

Hytta er bygd opp av massivtreelement, gjerne frå lokal produsent. Dette gjev ein robust og stiv konstruksjon, med innvendige overflater som gjev varme og heilheit. 

Dei geometriske formane og den særprega konturen/profilen gjer dagsturhytta til eit umiddelbart attkjenneleg signalbygg, turmål og samlingspunkt for heile fylket. 

Byggherre: Innlandet Fylkeskommune
Oppdrag: Konkurransebidrag - utforming av dagsturhytte for Innlandet
Fagområde: Arkitektur
Prosjektnr.: 20245
Stad: Innlandet
Areal: 22 m2
År: 2020

RELATERTE PROSJEKTER