Svelgen Torg

"Svelgen Torg" er siste del av ei heilskapleg opprusting av sentrumsområdet i Svelgen, frå nybygget Svelgen Omsorgssenter via ein ny strandpromenade fram til eksisterande kaiområde foran Svelgen Hotell. Det nye torget vert liggjande mot sjøen og får eit spanande uttrykk med fontener og belysning. 

Utforminga av plassen er basert på kommunevåpenet for Bremanger kommune. Linjeføringa er nøyaktig skalert. Vatn i bevegelse spelar vidare på tydinga i kommunevåpenet og tilfører eit leikent element. I mørkret vil lys i vassrenna skape rørsle og stå fram som eit kunstnarisk element i seg sjølv. 

Lyssetjinga skapar eit definert uterom på ein relativt open plass kor avstandar, fargar og teksturar er sanselege også når det er mørkt. I tillegg til å gjere torget trygt og imøtekommande, vert lyset ein kom-og-sjå-faktor med lysande brusteinar og glitrande stjerner. 

Fugleperspektiv dagDetaljbilde nattOversiktsbilde natt
Byggherre: Bremanger Kommune
Oppdrag: Konseptfase, forprosjekt, anbod / detaljprosjekt. Ansvarleg søkjar.
Fagområde: Landskapsarkitektur, lysdesign
Prosjektnr.: 14005
Stad: Svelgen
Areal: 500 m2
År: 2017

RELATERTE PROSJEKTER