Leikeplass i Kyrkjeparken, Aure Sentrum

Ein sti gjennom leikeplassen skal knyte den saman med eit større framtidig gangvegsystem i parken og sentrum.

Det er lagt vekt på universell tilgjengelighet, og både spiseplass og delar av leikearealet kan nyttast av alle. Det er brukt barikadedekke på gangsti, og plasstøpt gummidekke på delar av leikeområdet. Kantar mellom dekka er utforma slik at dei kan brukast i leik.
Ein lav tosidig natursteinsmur lagar ei avgrensing av leikeplassen, og er eit element som ofte er knytt mot kyrkja. Leikeplassen er populær, og mykje brukt.

Byggherre: Sykkylven kommune
Oppdrag: Landskapsarkitekt
Prosjektnr.: 12061
Stad: Aure Sentrum
Areal: 200 m2
År: 2013

RELATERTE PROSJEKTER