Urbane rykter, Naustdal kommune

I forkant av revisjon av kommuneplanverket i 2008 for Naustdal kommune, utarbeidde Nordplan eit moglegheitsstudium av kommunesenteret. Dette vart gjort for å auke bevisstheita kring eksisterande kvalitetar, og samtidig finne ein aktuell og operasjonell strategi for å vidareutvikle bygdesenteret. Strategien har til mål å utvikle og knyte saman allereie eksisterande, viktige punkt - hotspotar og slik gjere dei endå varmare. Ved å samanbinde det som allereie er bra vil dei ulike positive kvalitetane styrke kvarandre, og det vert tydlegare kvar ein kan leggje til ytterlegare bidrag for å styrke heilskapen. 

Det grøne preget er ein særleg viktig karakter i bygdesenteret. Det er slik sett viktig å sikre samanhengande grøne strukturar framover, med hensyn på sentrumsutviklinga vidare. Friområder i form av opne grøne linjer stimulerar til meir gangferdsel og sykkelbruk, og underbygger kyrkja sin posisjon i landskapet generelt. Etter at Sanden kom til er det blitt endå vktigare å knyte fleire kontaktlinjer til sjøen.

Potensial særeigne kvalitetarSæreigne utsyn og opplevingar
Byggherre: Naustdal kommune
Oppdrag: Moglegheitsstudium som grunnlag for kommuneplan
Fagområde: Stadutvikling, analyser
Prosjektnr.: 07093
Stad: Naustdal sentrum
År: 2008

RELATERTE PROSJEKTER