KU og ROS kommuneplanen sin arealdel Førde kommune

Som del av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel i Førde kommune 2018-2030 har Nordplan utarbeidd overordna konsekvensutgreiing og ROS-analyse. 12 område foreslegne av privatpersonar, private aktørar og administrasjonen/politikarar vart vurdert for bustadføremål. 

Vurderingane vart gjort på eit overordna nivå for å avgjere om dei aktuelle områda var eigna til foreslege arealbruk. Konsekvens av forslag til arealbruk vart vurdert ut i frå verdi, omfang og konsekvens, og tok utgangspunkt i eksisterande kunnskapsgrunnlag. Det vart i tillegg utført synfaring av alle område for å forstå landskapet, bruken av området og utføre registreringar som ikkje kjem fram av kartbasar og liknande. På bakgrunn av funn i ROS-analysa og konsekvensutgreiinga er det stilt krav om avbøtande tiltak, påpeika potensielle undersøkingar i detaljregulering og fleire område vart foreslege innsnevra. Kvar av områda vart som del av konklusjonen tilrådd eller ikkje tilrådd vidareført i kommuneplanen sin arealdel. Konklusjonen for kvart av områda presiserte om tiltaka kunne tilrådast eller ikkje.       

Tema for KU:                                                                      

Miljø:

  • Landskapsbilete/bybilete
  • Nærmiljø og friluftsliv
  • Naturmiljø
  • Kulturmiljø
  • Naturressursar

Samfunn:

  • Folkehelse
  • Born og unge
  • Universell utforming
  • Klima- og samfunnstryggleik
  • Infrastruktur og offentlege tenester
  • Transportbehov og energiforbruk

Tema for ROS:

  • Ras
  • Flaum
  • Ekstremvêr (nedbør, vind, stormflo)
  • Støy
  • Utgliding – ustabil grunn

Oversikt over område for utgreiingBilete frå synfaringBilete frå synfaring
Byggherre: Førde kommune
Oppdrag: KU og ROS kommuneplanen sin arealdel
Fagområde: Samfunnsplanlegging
Prosjektnr.: 18305
Stad: Førde kommune
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER