Detaljregulering for Gravdalsholten
Planområdet ligg nordvest for Førde sentrum. Planforslaget legg til rette for utbygging av frittliggjande og konsentrert småhus i Gravdalsholten (ca 120 bustader). Viktige grep i planen har vore å få på plass gode leikeområde og grøntdrag , og å ta vare på snarvegar til kringliggande bustadområde og utmarka. Vi har gjennom bearbeiding av planforslaget forsøkt å vise omsyn til eksisterande busetnad. Tilkomsten til byggeområdet og plassering av bustader har vore utfordrande på grunn av det bratte terrenget.
Oppdraget har bestått i prosjektleiing med gjennomføring av møter med kommunen og utbyggar, utarbeiding av plandokument med planomtale, føresegner, plankart og illustrasjonsplan for tomter og bustader, og veg med lengde- og normalprofil.