Digernes hytte- og bustadfelt

Føremålet med planarbeidet har vore å legge til rette for eit bustad- og hyttefelt på Digernes i Førde. Planområdet er på ca. 360 daa der to grunneigarar har gått saman om prosjektet. Detaljreguleringa omfattar 10 heilårsbustader og 80 hyttetomter.

Planforslaget tek særskilt omsyn til Digernesvatnet naturreservat i høve til kanalisering av ferdsel. Tomtene er nøye vurdert og plassert for å tilstrebe ei god terrengtilpassing. Det overordna landskapsdraget over Nesahaugen er sett av som LNF-område. Oppdraget har bestått i prosjektleiing, utarbeiding av planskildring, føresegner og plankart samt prosjektering av vei.

Til å lage 3D illustrasjonane har vi nytta Infraworks.

Detaljreguleringsplan IDetaljreguleringsplan II3D bilde 13D bilde 23D bilde 33D bilde 43D bilde 53D bilde 6
Byggherre: Privat byggherre
Oppdrag: Detaljregulering av Digerneset hytte- og bustadområde
Fagområde: Detaljregulering, vegprosjektering
Prosjektnr.: 16221
Stad: Førde
Areal: 360 daa
År: 2018

RELATERTE PROSJEKTER