Detaljregulering skule- og idrettsområde, Nordfjordeid

Skule- og idrettsområdet på Nordfjordeid inneheld barne- og ungdomsskule, folkehøgskule, idrettshall, fleirbrukshall, svømmeanlegg og idrettsbane. Hovudtilkomsten til området er ved Skulevegen nord i planområdet, og har fleire utfordringar knytt til trafikkforhold.

I reguleringsplanen for området vert det lagt til rette for breie gang- og sykkelvegar, eigne «kiss’n ride» stasjonar for avlevering og henting av skuleelevar. Det er i tillegg lagt til rette for betre organisering av dei mange skulebussane som køyrer i Skulevegen. Også langs E39 er det lagt til rette for ein ny undergang for gåande/syklande, samt ny gang- og sykkelveg. Desse tiltaka betrar tilkomsten til både området i seg sjølv, men er også positiv for gjennomgangstrafikk mellom Nordfjordeid sentrum og fleire større bustadfelt i området.

Gjennom reguleringsplanen vert uteområda til barne- og ungdomsskulen betre sikra mot nedbygging ved framtidig utvikling av skulen. Det vert i staden for flateutviding lagt til rette for utviding i høgda, og at det ikkje skal gå ut over kvaliteten på uteområda. Som ein viktig del av det tidlegfasen i planarbeidet vart det gjennomført omfattande medverknadsopplegg for skuleelevar og aktive organisasjonar innanfor området.           

Videoen nedanfor syner ny planlagt situasjon på skuleområdet.

3D-illustrasjon Skulevegen3D-illustrasjon SkulevegenInnspel frå ideverkstad - idear for områdetRegistrering farlege kryssInnspel frå ideverkstad - utfordringar i områdetBussoppstilling Utkast plankart
Byggherre: Eid kommune
Oppdrag: Detaljreguleringsplan
Fagområde: Arealplanlegging, vegplanlegging
Prosjektnr.: 17133
Stad: Nordfjordeid
Areal: 163 daa
År: 2017-2018

RELATERTE PROSJEKTER