Sulagondol, Langevåg

Gondolbane frå Devoldfabrikken (handle- og kontorsenter) i Langevåg sentrum til toppen av Rundehornet 727 moh. Gondolbana er ca. 3 km lang og har ein kapasitet på ca 12000 per/t. Bunnstasjonen omfattar underjordisk gondolgarasje på ca 600m2, stasjonsbygning, rehabilitering av tilhøyrande eksisterande fabrikkbygg samt omfattande opparbeiding uteområde med park, molo og ny kai. Der er og ein mellomstasjon på ca kote 450. Denne inneheld drivverk for bana, garasjeanlegg for prepareringsutsyr og nokre fasilitetar som bunnstasjon for alpinanlegg. På toppen av Rundehornet ligg restauranten og toppstasjoen delvis integrert i formasjonen av Rundehornet med ei einståande utsikt til Ålesund og Sunnmørsalpane. Her er det tenkt ein større restaurant, konferanse- og møtelokaler samt bistro i tillegg til takterrasse og øvrige uteområde. Denne vil og vere starten på alpintraseèn som omfattar området mellom topp og bunnstasjon ca. 300 høgdemeter. Prosjektet har stor fokus på redusere klimagassutslepp, og har utvikla inovative løysingar for bruk av trekonstruksjonar der slike ikkje tidligare har vore nytta. Planarbeidet har vore svært omfattande då deler av nedre trasè går over bebyggelse og området i fjellet er eit mykje nytta turområde. Arkitektur- og landskap har vore eit samarbeid mellom Snøhetta og Nordplan. Der Snøhetta har hatt ansvaret for topp- og mellomstasjon og Nordplan for bunnstasjon med uteområde og parkanlegg

Byggherre: Flakk Gruppen AS
Oppdrag: Idè- og forprosjekt samt regulering. Planlagt utbygging 23-25
Prosjektnr.: 20087
Stad: Langevåg i Sula kommune
År: 2022

RELATERTE PROSJEKTER