Tilbygg og ombygging våningshus

Eit 100 år gamalt lafta trehus vart delvis ombygd og delvis ført tilbake til original stand. Det er etablert ny romsleg trapp opp til loftet med 3 soverom med sengeplass til 4 i kvart rom.

I bakkant av det opphavlege bygget er det bygd tilbygg med same møneretning og vinkel som eksisterande bygg. Tilbygget er strekt aust-vest for å nå tak i utsikt og for å fungere som overdekking og skjerming for uteplassar. Det er nesten 5 meter under taket i tilbygget.

I prosjektet er det valt detaljering som framhevar kva som er nytt og kva som er gamalt, samtidig som det skal vere ein heilskap. Tilbygget har bleika bjørkefiner innvendig og gjerda melsomspiler i Kebony utvendig. Laftekassen har enkeltfalskledning i Kebony. Hjørnet i laftekassen mot sørvest vart skore ut for maksimal utsikt og lys.

Arbeidet med bustaden er utført av UNU.  

Foto: UNU ASFoto: UNU ASFoto: UNU ASEksteriør detalj. Foto: UNU ASFoto: UNU ASFoto: UNU ASEksteriør detalj. Foto: UNU ASEksteriør. Foto: UNU ASFoto: UNU ASInteriør. Foto: UNU ASInteriør. Foto: UNU ASInteriør detalj. Foto: UNU ASInteriør. Foto: UNU AS
Byggherre: Privat
Oppdrag: Konseptfase, forprosjekt, anbod /detaljprosjekt, oppfølging byggeplass
Fagområde: Arkitektur, konstruksjon, byggeleiing
Prosjektnr.: 15281
Stad: Bryggja, Nordfjord
Areal: ca. 200 m2 BTA
År: Ferdigstilt april 2018

RELATERTE PROSJEKTER