Bykset Landskapshotell/hytteutleie

På ei nydelig tomt på nordsida av Nordfjorden har vi teikna eit skisseprosjekt for eit landskapshotell med utleiehytter, felles naust og molo. Det har blitt lagt stor vekt på plasseringa av hyttene for at dei skal gli godt inn i landskapet og gje dei besøkande ei spektakulær utsikt til Hornelen samtidig som det ikkje skal være innsyn mellom hyttene. For å unngå større landskapsinngrep står hyttene på stålsøyler som forankrast rett i fjellet. 

I utarbeidinga av hyttemodellen har det vore viktig at kvar hytte skal ha kontakt med fjorden og utsyn mot Hornelen. Hovudsoverommet er plassert i ein vinkel ut frå opphaldsrommet for at dei ulike romma skal ha ulikt fokus med tanke på utsikt. Hyttene er utstyrt med to soverom, ein bod, eit bad og eit opphaldsrom med eit minikjøkken og har eit bruksareal på 52 kvadratmeter.  

Byggherre: ATJ Holding
Oppdrag: Skisseprosjekt
Fagområde: Arkitektur, Landskapsarkitektur, Konstruksjon
Prosjektnr.: 20088
Stad: Bryggja
Areal: 300 m2 BTA
År: under arbeid

RELATERTE PROSJEKTER