Lindhagen - Angedalsvegen 6

I Angedalsvegen 6 er det lagt til rette for at ein kan bu sosialt, og godt naboskap er viktig for bu-kvaliteten. I bygget er det lagt opp til to fellesrom, desse kan nyttast til fellesaktivitetar og leigast når ein treng meir plass. På taket er det kolonihagar og felles terrasse.

Bygget er bygd opp av tre lamellar med sentralt trapperom, dette gjev store fasadeflater i bustadane og moglegheit for lyse leilegheiter. Det er 35 stk 3-5-roms leilegheiter, samt næringsareal på grunnplan mot Angedalsvegen. Bustadane er tilgjengelege og framtidsretta. Trapperommet med heis er av glas og lettar fasaden mot vegen og gjev utsikt til elva. Hagen vert opparbeid med fleire mindre sosiale soner, trapp og rampe ned mot elva.

Bygget koplar seg på den nye bystrukturen i Førde. Prosjektet vert eit effektivt og sympatisk bidrag i bybildet både arkitektonisk og med omsyn til bumiljø. 

Bygget blei ferdigstillast 2023.

Illustrasjon av prosjektet sett frå gangbruaProsjektet sett frå AngedalsvegenUtsikt frå felles takterasse
Byggherre: Gravdal Prosjektutvikling AS
Oppdrag: Skisseprosjekt - detaljprosjektering
Fagområde: Arkitektur og landskapsarkitektur
Prosjektnr.: 18352
Stad: Førde sentrum
År: 2023

RELATERTE PROSJEKTER