Områdereguleringsplan Ytre Øyrane
På oppdrag frå Førde kommune og Ankerløkken Eigedom AS har Nordplan utarbeida eit forslag til områdeplan for utvikling av eit eksisterande næringsområde.
Føremålet med planen er å leggje til rette for ei fortetting med vidareføring av eksisterande aktivitetar i område, med føresegner som legg føringar på nyetableringar og framtidig utviklingspotensiale.
Det vart gjennomført ei konsekvensvurdering av eit større utfyllingsareal i sjø. Planen synleggjer ei målsetjing om ein langsiktig transformeringsprosess til ein næringspark der ein ikkje ønskjer nyetableringar som fører med seg særlege ulemper som støy og forureining.
Oppdraget har bestått i prosjektleiing inkludert møtegjennomføring, og utarbeiding av plandokument med planprogram, fortettingsstudie, planskildring, føresegner, konsekvensutgreiing og plankart.